Helgøy er ei lita øy i munninga av Årdalsfjorden. Øya ligg i frodige Ryfylke, eit område som er kjent for lange tradisjonar innan fruktdyrking.
Hit drar vi på busstur lørdag den 12. september. Vi får omvisning med smaksprøvar på“Helgøy frukt” før middag med dessert på nabogarden “Epleriet”. På Helgøy er der også gardsbutikk. Vi startar frå busstopp ved “Kings & Queens” klokka 09.00 om morgonen.
Pris: 1200 kr, (1000 kr for medlemmer i Ålgård hagelag.) Dette inkluderer både buss, bompengar, omvisning og god middag med dessert på Helgøy.
Påmelding til Tove Tendenes innan 17.august
