Arrangement

Litteraturkveld med Kristin Auestad Danielsen

Hosted by:
Co-host:
Hjarteleg velkommen til ein ny litteraturkveld med Gjesdalbuen Kristin Auestad Danielsen. Ho har nyleg gitt ut ei ny bok, og denne kvelden møter du henne i samtale med bibliotekaren vår, Bjørn Veen. I boka i år skriv Kristin om ein sommarferie på Færøyane, og om samnordisk fellesskap og skiljing. Ho skriv morosamt, forfriskande, freidig og livsnytande. Kristin er sjølv fødd på Færøyane, og er halvt færøysk. Meir om På, over, inni: «I grålysninga ein humlesurrande sommarmorgon pakkar Erla ferdig ein duggblaut fløytekvit Mercedes 1976-modell. Ho og dottera Julie på sju skal rekke Norrøna-båten, som skal ta dei over Atlanterhavet, heilt til Færøyane. Der skal Julie få lære kulturen og språket til landet mora sjølv vaks opp i. For Erla blir det eit møte med alt som finst, og alt som kunne ha vore. På, over, inni er ei bok inspirert av sommarnostalgi, med lag på lag med somrar, og alt som høyrer til. Og ut frå Færøyane spenner historia ut til nabolanda og blir ein refleksjon over forholda mellom nordiske land.» Arrangementet er eit «betal det du vil»-arrangement. Det betyr at du kan betale det du vil – viss du vil. Kafé Nielsen opnar kl. 19:30. Vi set pris på om du reserverer plass her i Friskus, så veit vi at du kjem.
Category
Learn

Copy link for sharing to facebook groups

20 Nov 2025

19:00 — 20:00

Practical Information

PlaceMøteplassen i 1. etasje
AddressRettedalen 4, 4330 Ålgård, Norge
Contact person

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map